Overnatting
Fausko har store og små gjestehus som både kan vera sjølvstendige bueiningar og eit samla bumiljø under større arrangement
Autentisk gardsmiljø og tømmerhus med
atmosfære og historisk sus. Tilsaman 80
sengeplassar fordelt på 27 rom
Hallingstugu
"Hotell" med hytteatmosfære
Hallingstugu
Hallingstugu er eit lafta gjestehus frå 1998. Stor peisestugu med langbord, kjøkken, og 34 sengeplassar, 11 gjesterom – alle med bad.
Kapasitet:
- Fire rom med 2 sengeplassar
- Fire rom med 3 sengeplassar
- Eit rom med 4 sengeplassar
- Liten leiligheit i underetasje med 4 sengeplassar
Sjå meir fra Hallingstugu:
Skysstasjon
Gjestegard i sveitserstil frå 1870
Skysstasjon
Den gamle Skysstasjonen er utgangspunktet for den lange gjestegardhistoria på Fausko. Bygningen kan brukast som eit stort utleigehus, men kan også delast opp i to fine leiligheiter. Samla inn til 20 sengeplassar. Gildehallen i 2 etasje er ein stemningfull stad for mindre arrangement.
Kapasitet:
6 rom og 3 små sovehemsar. Uteplass med peis, grill, vedfyrte badestampar. Skysstasjonen kan delast opp i 2 leiligheiter:
- Stor leiligheit 150 m2: 3 soverom med eget bad, 2 sovehemsar, badstu på det ene bad, kjøkken, peistestugu og gildehall. Inn til 12 pers.
- Liten leiligheit 90 m2: 3 soverom med delebad, herav eitt rom med hems, kjøkken og stor peisestugu.
Sjå meir fra Skysstasjonen:
Interessert i historien til Skysstasjonen?
Kornmagasinet
Frå kornmagasin til stabbur til gjestehus
Kornmagasinet
Kornmagasinet frå 1700 talet har 90 m2 bruksareal, fordelt på to plan. Tre soverom og tre bad. Stugu og kjøken. Samla inn til 12 sengeplassar.
Kapasitet:
I fyrste høgda er eit romsleg innbygd sval, to store soverom og to bad. To store køyesenger med fire til seks sengeplassar i kvart rom.
I andre høgda er to stover med flotte langbord og eit lite kjøkken. Ved behov kan det største loftsrommet nyttast som sovesal med inn til fire senger. Totalt inn til 12 sengeplassar.
Sjå meir fra Kornmagasinet:
Interessert i historien til Kornmagasinet?
Stabbur
Beliggenheit ved gardens kjøkkenhage
Stabbur og brudebur
I utgangspunktet er dette to små stabbur er bygde saman og kan fungere som ei lita hytte eller som tre enkeltrom m/bad med kvar sin inngang.. Det eine av desse er sjølvaste brudeburet!
Stabburet har eit samla areal på ca 40 m2. Flott og solrik uteplass ved gardens kjøkkenhage.
Kapasitet:
Den venstre delen har kjøkken og spisebord, sovehems og eit eige soverom. Plass for fire personar.
Den høgre delen er brudeburet med himmelseng og ekstra stort bad. Plass for to personar (brudeparet).
Mellomstabburet er eit bitte lite rom med køyeseng og bad. Plass for ein til to personar.
Sjå meir fra Stabburet:
Send forespørsel
Ta kontakt med oss for eit tilbod til ditt arrangement.