Bryllup på Fausko
♡ Den store dagen ♡
Fausko er den perfekte staden for bryllupsfeiring i rustikke og bonderomantiske rammer!
Fausko er staden for ekte låvebryllup og bryllup med bonderomantisk sus. Tre dagar til endes..
Autentisk gardsmiljø og tømmerhus med atmosfære og historisk sus er ei draumeramme for bryllupfeiring. I tillegg til den unike bryllupslåven har Fausko ein flott tilrettelagt utearena for både seremoni, mingling og moro. Og sjølvsagt rikeleg med gode senger.
Fyrispel
Fyrste kvelden, gjerne fredag, høver det godt med uformell samansveising av
gjestene. Fausko byr på grill og lokalmat i det nye arrangementsbygget på
Amfitoppen eller rundt elden i middelalderbygningen “Årestugu”.
Laurdag formiddag anbefalar me gjerne ein liten fjelltur til fots eller på ski,
innan finstas og seremoni!
Fausko er godkjent vigselsstad
Det er mange gode alternativ for vigsle og seremoni på Fausko.
Området ved Fausko Amfi og arrangementsbygget på Amfitoppen har
godkjenning som vigselsstad, både for kyrkjeleg og anan regi. Vigsle ved Fauskostølen i Vabuleino
1130 moh vera eit skikkeleg høgfjellsalternativ for sommar og haustbryllup.
Vabuleino
Låvebryllup
Bryllupslåven på Fausko har atmosfære i autentisk låvemiljø, stilfullt med
langbord og benkar med saueskinn. Gode stolar har me også, for dei som
ynskjer det.
Stor kapasitet med anretning, stilig bar, peis og bakaromn. Lyd og lysanlegg
med konserstandard, fibernet, projector og stort lerret.
Låven
Kultur og hardingfele
Bonden og verten Knut Fausko spelar hardingfele til bryllup. Knut har vore
spelemann i utallige bryllup, og har ulike musikk- og kulturtilbod for bryllup:
Speling til vigsle med bruremarsjar.
Dansespel, gjerne saman med andre musikarar.
Kulturprogram der Knut tek med bryllupsgjestene inn i folkemusikken og
forteljing om skikkane i dei gamle bondebryllupa.
Sjå i bildene kva Fausko tilbyr:
Send forespørsel
Ta kontakt med oss for eit tilbod til ditt arrangement.